 |
| Vi arrangerer gardsaktivetar og moro for større grupper; sommarklubbar, verksemder, skular, barnehagar etc . I tillegg har vi ridetimar for barn, ungdom og vaksne. Vi vil at dei som er interessert i hest skal få opplæring på eit breidt grunnlag som går på korleis ein steller, handterer og brukar hesten. Elevane skal også få nødvendig ro og tid til å opparbeide eigne erfaringar, sjølvtillit, kontakt med hesten og dei andre som er på same gruppa. |
 |
22. Feb 2009
Oppdatering og endring av informasjon
Oppdatering av heimesidene er påbegynt. Les meir
13. Jan 2008
Hjelmås Hestesenter er klar til ny sesong!
No lysnar det så smått i veret, snart kejm kjem tida for gruppebesøk til Hjelmås. Les meir
09. Jan 2007
Gamal ven attfunnen!
For ein del år sidan selde vi islandshesten Haufi. På søndag møtte vi henne uventa att! Les meir
03. Okt 2006
Røde Kors med haustaktivitetar for barn
I haustferien arrangerer Røde Kors haustaktivitetar på Hjelmås Hestesenter for barn frå Bergen. Les meir
28. Aug 2006
Vellukka familiedag for Proffice
Bemanningsverksemda Proffice i Bergen hadde familiedag på Hjelmås Hestesenter 27/8 Les meir
20. Aug 2006
Marius har fått ein bror!
18.8.2006 fekk Marius ein bror, Nikolai. Ein kraftig liten plugg som liknar på storebror. Les meir
09. Jul 2006
Stasleg bryllup på Manger
8.7.2006 - Gudveig Kartveit og Russel Mbuelo Kana gifta seg i Manger kyrkje. Eit nytt band er knytt mellom to verdsdelar. Les meir
07. Jul 2006
Min barndoms sommar
Sondre og Martine er på besøk hjå besteforeldra på nabogarden. Der er det ingen dyr lenger, så ein varm, fin julidag kjem dei ruslande for å sjå på hestane våre. Les meir
06. Jul 2006
Askøy sommarklubb på Hjelmås-besøk
Askøy Sommarklubb har ein klar tendens til å ta med seg godt ver når dei kjem til Hjelmås. I år gjekk gradestokken opp i 28 grader i skuggen under besøket. Les meir
01. Jul 2006
Høg sommaraktivitet
Veke 26 toppa antal besøkjande ved Hjelmås Hestesenter hittil i år Les meir |
|
Hjelmås Hestesenter

VELKOMMEN!
Hjelmås Hestesenter leverer gardsoppleving og friluftsaktivitetar, kun 35 min frå Bergen sentrum.
Vi har lang erfaring med å ta i mot grupper og enkeltpersonar, og har skapt eit variert tilbud basert på møtet med natur og bondekultur i Nordhordland.
Sjå ein liten videosnutt (5Mb) frå "just antother day in my office" - sommaren 2009 : video
Ta kontakt med Geir på 91 60 00 60, så kan vi diskutere løysingar som dekkar dine ynskjer.
FRÅ BARNEMUNN
Som leiar for eit ridesenter er ein heldig og får mykje kontakt med dei yngste av våre kundar. Det er utruleg mange - og gode - kommentarer som kjem frå barnemunn. Dette skjer på grunn av mistydingar, ekte barnleg undring eller direkte humoristiske innfall.
Hanna er så moderne at ho bad jentene gje tilbakemelding om deltaking karneval og ridleir pr tekstmelding eller mail. Ei lita jente som sat på store Markus kika ned og sa:
- eg kan ikkje sende mail, for eg har ikkje mobiltelefon
- nei, ein treng ikkje mobiltelefon for å sende mail, skjønnar du
Indignert ser ho ned igen på Hanna
- tror du at når eg ikkje får mobiltelefon, at eg då får datamaskin, kanskje?
Ein gut på ridinga ville ha litt andre utfordringar. Han fekk denne oppgåva:
Du kan ta ei tur opp på loftet og hive ned ein høyball. Den deler du i to, og gjev halvparten til villsauane
Etter lang tid i stallen, sikkert eit kvarter, kom han ut på hjørnet:
- kom hit litt.........
- nei, veit du eg er litt opptatt, sei kva det er....
- nei kom HIT
- nei - sei kva det er........
- eg har m r
- hæ???
- eg har M R !
- kva sa du ???
........eg è MØRKRÆDD!!!!
Eg leide ei jente på 4 år tundt på ridebana medan ho sat på hesteryggen og klappa fjordingen i den kortklypte manken:
- Du, atte.... atte når Gud fant på den a l l e r første hesten, kordan fekk han håret til å stå så rett opp ??????
Ein liten gut som ikkje er fast gjest ved hestesenteret står og ser på jentene som striglar hesten med gummibørste:
- Koffor står du å klappar hesten med ein sandal ?
Den 8 års gamle jenta "yppar" seg litt - tek tak i handleddet til ridelæraren.
-"Eg er sterkare enn deg !!! "
-"Å ???"
-"JA, for eg kan no ta deg i håndbrekk, eg"
Mitt største kompliment nokonsinne fekk eg gjennom denne:
- Du er grei, du. Ikkje sånn over-grei som ein prest, berre vanleg kjempegrei.
Jentene hadde tydeligvis fortalt ein vits som var over kanten, og kniste fælt.
- Fortel den til meg og så,då! oppfordra eg
- Nei, nei,... knis knis
- Jau, la gå, de kjenner då meg så godt at de kan gjere det!
- Jaja, OK......men dokkar har vel ikkje foreldremøte på denne ridegreien her?
Eg frå massevis av teikningar og forteljingar frå ungane som går her. Her er ein av dei beste, aldeles ordrett frå ein 7-åring:
Til snile Geir styve. Det var ein gong to manne kaninar såm slås og med det same kåm det ei damekanin såm skule på butiken og kjøpa brus og kips. Då såg di to manekaninane ho og stoppa og slåst å vinteren kom og då fekk damekaninen onga og dei levde lykeli i ale sine dagar. snip snap snute så var eventyret om dei to manekaninane og damekaninen og kaninongane ute.
Frå barn i litt høgare alder er det ofte god trøyst og motivasjon å finne når ein og annan dag vert litt grå ( og så er det no alltid kjekt å få litt skryt, då):
Hei Hesteelskere. Eg heiter Marianne og er snart 12 år. Dette er mitt tredje år her på Hjelmås. Her får me læra mykje om hestar og heste stell Me får blant anna læra: Strigling, møkke ut av hesteboksen og sjølvsagt; RI! Det eg har lært er: Strigle, møkke ut, galloppere, trave og ett par små hinder. Det viktigste eg har lært er og ha kontroll på hesten. Ridelæraren min er Geir Styve. Han eig ridesenteret. Han er ein skikkeleg god og snill lærar. Det eg kan sei om hestane er at alle er snill, sjønn og god å ri. Eg trur at alle har ein spesiell hest som dei er heilt knytta til....det har iallefall eg. Det er KALMIN. Ein ting til: alle som rir på Hjelmås Hestsenter er KULE! Helsing Marianne Lødemel.
Ei lita jente hadde ikkje peiling på kva ein slede heiter, men klarte seg bra likevel:
- Ska'kje vi ut med den derre julesklien snart ?
Ein barnehage var på besøk, og fekk trekkje garn i vatnet. Mora til den eine var med, og undervegs gjekk det ikkje betre enn at ei åre glapp og for på vatnet. Guten refererte dramatikken slik:
- Mamma mistet roen på vannet.
Ei lita jente såg på postkortet vårt at det er bilete av eit tradsisjonelt brudepar.
- Sjå.. der er Bruden og Brukongen.
Det er heller ikkje så farleg om ikkje ein hugsar kva grime heiter. Då spør ein berre:
- Kor e den greien på hesten så leietauet ska vere fast i ?
Og her er ein variant av bissel:
- No har eg tatt munnbindet på hesten
Ei jente fortalte vits til meg og ei annan som var på riding. Eg sat roleg og høyrde på - men knakk godt på slutten.
Samtalen gjekk slik:
- Ska eg fortelle en vits ?
- Jaaa!
- OK.......Kelneren: Vi kan idag tilby flambert kotelett, flamberte poteter og flambert banan til dessert. Gjesten: Kvifor har de kun flamberte ting? Kelneren: fordi det er brann i kjøkkenet !!!!!
Jenta attmed meg var ikkje heilt med........:
- Kva er flambert for noko ?
Ho som fortalde vitsen svarte heilt ærleg:
...eg veit ikkje!
Jentene kviskra og hadde visst pønska ut noko litt ulovleg. Tilfeldigvis høyrde eg det utan dei visste om det:
- Vi smuglar med oss høy heim til kaninen!
- Jaaa, hyss, det gjør vi. Vi gjømmer det i undikken!
Vi har fått inn mange gode og overraskande svar på spørsmåla i kunnskapstestar:
Spørsmål 1. Nevn dei tre nasjonale hesterasane i Noreg:
Norsk Varmblods
Islandshest,
Kjetlandsponnier
Haflinger
Spørsmål 2. Nevn dei tre gangartane som vert nytta på "hestespråket"
rett fram
vrinsking og knegging
sjenkel, smatting og volte
Spørsmål 3. Kva meiner ein med at ein hest har ein bles ?
den er sjuk
at den ikkje er så fin i pelsen
sjegg under haken
at den er praktfull
Spørsmål 4. Kva meiner ein med at ein hest er blakk?
at den er ikke verdt noe
den er gammal
den er vallak
at den ikkje har penger
fargen er besj.....
det er en hann
Spørsmål 8 Kva er ein hesteboks?
Den inneholder fakta om hesten
Ungar har eit sterkt behov i å overgå kvarandre når dei har ting å fortelje. Stiller du eit kontraspørsmål, får du gjerne gode svar! Her er eit døme:
To lam vart kjøpt inn til hestesenterert for at ungane skulle ha litt fleire dyr å stelle med. Dei minste er begeistra når eg tek imot dei og fortel om nyanskaffelsen:
- "Her har de to nye vener å stelle med " sa eg.
- "Eg har ein usynleg venn, eg"
- "......og kven er så det ?" det glapp eigentleg ut før eg fekk tenkt meg om.
- "Det er Jesus"
Nestemann vart ivrig:
- "eg...eg...eg har to usynlege vennar, eg!"
-" Åja...? "
- Det er Jesus og Gud
Tredjemann måtte fylgje opp
"Eg har også ein usynleg venn"
- Javel ?
- Det er den usynlege sauen Albert!
Frodig fantasi og evne til å sjå bilete inne i seg førte til denne vesle utgreiinga:
- "Stakkars hesten som skal på skolen!"
- ???
- "Jo, no e det ridetime - og då ska hesten på skolen. Sadelen e ranselen hans, og vi e bøkene!"
Jentene på 8 år diskuterer gutar, og eg overhøyrde fylgjande:
- "Vi har ein drittgutt i klassen, altså, det er Frode. Han blir sur og klager til læreren bare vi sparker eller lugger han litt!"
Å drive hestehandel er ikkje alltid like greit, sjølv for drevne karar. Det skal liksom prutast litt undervegs, og til det trengst naturlegvis gode grunngjevingar og pokerfjes. Eg har så langt ikkje høyrt nokon grunn som er betre for prisavslag enn i denne historien:
Ei jente spurde meg - "Har du ein hest til salgs ?"
- "Ja eg har faktisk det, men han kostar 10.000.- og det er no vel eigentleg mykje pengar for deg, og så kostar det ein heil del å ha ein hest også." (Eg visste at ho aldri fekk lov til å kjøpe denne hesten, og ville ikkje skru opp forventningane)
- "Det skal vi klare for vi er 3 veninner som skal kjøpe den ilag!"
…….. Jenta fekk det travelt og forsvann. Eter ei stund ringte telefonen.
- " No er eg hjå veninnene mine, og vi er enige, vi skal ha den hesten hjå deg.. Men - du må gå ned i pris!"
Ja det var klar tale! Eg måtte frampå: "Kor mykje hadde de tenkt, då?"
- Du skjønnar, det er slik at vi 3 skal dele på betalinga, og det går ikkje an utan at vi betaler 9999 !
Då den store kometen var synleg for eitpar år sidan gjekk det lenge før vi fekk sett den på grunn av mykje overskya ver. Jentene var i stallen, og då eg kom ut såg eg brått kometen.
- "Kom ut og sjå - her er kometen!!!!"
- "Åjaaaaaa- sjåååå- den var fin!!!" - alle storma ut av stallen.
For å teste reaksjonen la eg ut:
- "No må de ta ein god titt på kometen, det er over 2500 år til neste gong de kan stå her og sjå opp på han!"
Totalt stilt, ei lita stund. Ei jente tenkte så det knaka: "Nei, då er eg død….., men….. då kan eg jo sjå ned på han !!!"
Barnehagejenta stod og såg på fjordingen Tone, som er ganske rund i fasongen. Interessert, men utan vokabular til å dekka det ho lurte på, kom det forsiktig:
"Skal den ha hestevalper?"
To nybegynnarjenter gjekk og kviskra seg imellom ei heil stund før dei tok mot til seg:
" Kan vi spørre deg om ka vi vil ? "
- "Ja, klart det" svarte eg kjekt .
"Vet du alt om hester då??? "-
- "Vel, ingen veit alt om hestar, men eg kan no ein del......."
"Jammen de è kanskje litt rart spørsmål......" Dei gav seg ikkje, og det ante meg etter kvart at her kom snart blomster og bier som tema, ganske kvikt og i heller grove dimensjonar. Eg var relativt betenkt på neste spørsmål. Det heile letna då den eldste sleppte av seg:
".........Kan de gå i trapper ?"
Ei jente i andreklassen var hjå oss for fyrste gang, og måtte leiast rundt på hesten heile den første timen. Praten gjekk lett, og ho sa:
"Eg har en veninne som vil begynne her òg".
-" Ja det går greit", sa eg - og fekk håp om ein liten auke i kundetilfanget - "berre be henne ringje, så skal eg finne plass på ei gruppe".
Kontant svar kom: "Jammen - hon får ikkje lov". Punktum og lang pause.............
-" Vel, det kan no ha så mange grunnar, kanskje foreldra er redd hest, eller det vert for dyrt, - det er ikkje alle som kan ta seg råd til å ri veit du......" Eg prøvde å berge situasjonen for både veninna, foreldra og meg sjølv. Ein halv runde gjekk i sterk ettertanke, før ho sa med ettertrykk:
"Eg skulle ønske det var skolen så va' så dyr at eg ikkje fikk gå der!"
Elevane står oppstilt på linje, sitjande til hest, og eg gjer greie for dagens program:
- "Først skal vi ri ein liten tur ilag, og så skal eg longere dei som er klar til å lære trav."
Impulsivt og ivrig kom det frå den nyaste:
"Å ja! Det è kuult. Kan du sjonglere med meg og ?"
Vi måtte slakte ein hest som vart sjuk, og første gruppa som kom på riding etter dette fann naturlegvis ein tom boks. Dei gjekk rett inn i harde forhøyr av meg.
"Kor è hesten henne?"
Eg hadde bestemt meg for å seie ting slik dei var.
- " Det er slik at hesten vart sjuk og så måtte vi sende den på slakthuset. Desverre, men det var det beste for alle partar."
"È hesten i Himmelen no då?????"
-"Nei, eg trur nok ikkje det. Den kune ikkje leve vidare med sjukdomen og den er død no."
Eit fortvila og rasande utbrot kom straks:
"Då ska' eg klage på skolen!"
-??? Kvifor det då ?
- "Jo, for på skolen har de sagt at i Himmelen er det et Paradis. Men det kan ikkje vere et Paradis når ikkje de è hester der!"
Sterkt fortvila kom det frå ei anna jente som var glad i denne spesielle hesten.
"No ska eg aldri, aldri mere spise fårepølse"
Ein gut som nett hadde hatt sine første ridetimar vart sett igang med å sale opp på eiga hand. Gode rutiner, og det å klare seg på eiga hand, er viktig hjå oss. Han kom og nappa meg i armen.
"Du - è det no hon skal ha på seg gebissel????"
Kvar vår spanderte vi ein dagstur på alle ryttarane til Bergen Travpark på unghestutstilling. På førehand går vi gjennom utstillingsreglar og dagsorden. Når det høver slik at vi sjølv har unghest, er det alltid store forventningar i flokken til premiering av vår hest. Ein gong heldt forventningane på å "ta heilt av" og eg måtte dra ein lengre epistel om at det er dommarane som dømmer, og vi må alle bøye oss for resultatet. Ingen er garantert premie på førehand. Ein gut i røvar-alderen sa med inderleg ettertrykk:
"Får ikkje vi premie på den hesten der, så ska' alle vi kaste hesteskit på dommeren"
Det er viktig at borna tidleg lærer seg at hesten er eit stort og sterkt dyr, som kun lystrar oss ut frå at den er dressert og at vi gjev den korrekte og konsekvente teikn. Eg har ofte brukt å seie:
......." dersom hesten hadde visst kor sterk den var, så hadde den nok ikkje gidda å holde på slik."
Etter ein slik nybegynnartale vart eg oppringt av ei mor som spurte om hestane var farlege. Dottera hadde nemleg referet til at eg hadde sagt: "Dersom hestane hadde visst kor sterke dei var, så ville det ikkje vere greit å vere oss"
-"Du må vere meir bestemt! Bruk litt stemme på hesten, og vis at du er sjefen!" Dette har eg sagt hundrevis av gangar når eleven hevdar at hesten er sta og doven. Den beste reaksjonen eg har fått på dette kom nyleg:
- "Eg vet dèt. Men eg får liksom ikkje tè å vere sint på hesten, eg. Iallefall ikkje på samme måten som på min bror!"
Hestevogna eg kjører er full i barnehageungar - som er flyt over av spørsmål:
-"Du, du ; è de din hest ???? "
-"Ja"
-"Du, du ; kor lagar de hestene henne ? "
At ungane vert meir og meir amerikanisert i si språkform kjem også fram:
Barnehagen var på besøk og eg synte fram hingsten. Brått var det ein som ropte ut :
- Gosh... sjekk den kule megatissen!
|